Våre innspel til ny distriktsmelding

Regjeringa er i gang med arbeidet med ei ny distriktsmelding. Den skal etter planen leggast fram for Stortinget våren 2023. Statsråden har oppmoda om skriftlege innspel til meldingsarbeidet. Her er det IT-forum Vest har sendt inn som innspel til arbeidet.

IT-forum Vest er eit regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø, der vi løftar i lag og forsterkar rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland. Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking. IT Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen. Vårt nettverk har aktive arbeidsgrupper på breiband, velferdsteknologi, og oppvekst, rekruttering og mangfald. IT-forum Vest (tidlegare IT-forum Sogn og Fjordane) vart og nemnd i den forrige distriktsmeldinga som eit særleg interessant og velfungerande regionalt nettverk.

Breibandutbygging har vore eit særleg prioritert satsingsområde sidan 2003, og IT-forum Vest har stått for mobilisering, planlegging og oppfølging av ei rekkje store breibandprosjekt gjennom nært samarbeid med kommunane i fylket og med fylkeskommunen. Vi har såleis også bygd opp mykje kunnskap om behov og føresetnader for vellukka breibandutbygging i utkantområde.

God tilgang til høghastighets-breiband og mobildekking er ein heilt avgjerande infrastruktur for busetnad og næringsliv. Fleire kommunar i fylket har no 100 % dekning med fullgodt breiband til alle. Men det er og mange kommunane som har att mange husstandar. Det er urovekkande at det har teke lang tid å sikre alle eit fullgodt tilbod. Problema for innbyggarane i distrikta utan fullgodt breiband, blir stadig større. Dei fleste offentlege tenester er no digitale, skulearbeid er digitalt og i arbeidslivet er både heimekontor og digitalt arbeid ein sjølvfølge. Innbyggarar utan fullgodt breiband kan ikkje ta del i eit moderne samfunn.

IT-forum Vest ber om at den nye Distriktsmeldinga definerer ein klar målsetnad om at alle innbyggarar i Norge skal ha tilgang til breiband og digitale tenester og at nasjonale løyvingar blir auka for å løyse dette.

Vi meiner og det bør definerast ei målsetting som er i tråd med framskrivbar utvikling for tenester og bruk, og vi meiner gigabit-nett må vere målsettinga.

Sjølv om utbygging til dei siste attverande husstandane truleg vil ha ein høgare kostnad enn tidlegare utbyggingar i ikkje-kommersielle område, gir nye teknologiske løysingar mulegheit for å finne gode kombinasjonar av både kabla og trådlause løysingar. Det er vidare svært viktig å synkronisere den endelege avviklinga av koparnettet med utbygging av nye løysingar. Her har lokale kommunar ei viktig oppgåve med å kartlegge, synleggjere og planlegge for å løyse dei siste attverande husstandane i sine lokalområde. Med godt samarbeid og samordning mellom kommunane og fylka kan behov for restmidlar formidlast til nasjonalt nivå og lokal mobilisering for å skaffe delfinansiering og for å søke og nytte nasjonale midlar effektiviserast.

Vi vil og peike på erfaringar frå vårt fylke der hyttefelt og fritidseigedomar blir stadig meir brukt til heimekontor og lenger opphald. Dette har eit vesentleg potensiale for å bidra til auka aktivitet i mange små lokalsamfunn og også næringsutvikling. Tilgang til god digital infrastruktur er også viktig for desse brukarane, og kan gje viktige effektar for utsette, små lokalsamfunn over heile landet. Kommunane bør og ha verkemiddel for å sikre breiband til lokasjonar der eldre personar ikkje bestiller. Dette vil gjere det vanskeleg å nå ut til alle med til dømes velferdsteknologitenester og vil gjere det svært dyrt for nye eigarar seinare.

Eit anna tilgrensande område er beredskap. Her blir det etablert og drifta infrastruktur som kan sjåast i samanheng med infrastruktur for innbyggarar og næringsliv. I mange område kan det vere synergiar mellom framføring og basestasjonar som kan gje betre dekning også for sivile tenester. I nødsituasjonar er innbyggarvarsling og eit viktig område som krev samordning og tilgang for alle. Dei regionale beredskapsråda må og få deltaking frå alle som har mykje infrastruktur i eit område for å sikre god planlegging og oppfølging.

Vi vil og peike på erfaringar frå våre andre arbeidsområde som e-helse og velferdsteknologi. Her er det nasjonale føringar om at velferdsteknologi skal vere ein stor og integrert del av kommunale tenester inn 2025 (jamfør det nasjonale velferdsteknologiprogrammet). Her er det også føresett at dei store utfordringane knytt til demografisk utvikling delvis skal løysast med auka digitalisering og at dei eldre skal bu langer heime. Også personar med særlege behov skal bu heime støtta av digital oppfølging. Men utan god infrastruktur blir desse planane umuleg å realisere fullt ut. Digitalisering av tenester og god infrastruktur er to sider av samme sak.

Til slutt vil vi peike på utdanning og viktigheiten av nærleik til lokalsamfunn og næringsliv. Vi har gode erfaringar frå å mobilisere til utvikling av nye utdanningar gjennom regionale spleiselag. Tydelege regionale behov kopla med potensialet hjå utdanningsinstitusjonane. IT-forum Vest håpar den nye Distriktsmeldinga vil ta opp desse problemstillingane og efinere ambisiøse målsettingar for heile landet.

Vennleg helsing

Christiane Ulriksen, Leiar IT-forum Vest (sign)

Ivar Petter Grøtte, administrasjon IT-forum Vest (sign)

Anne Mette Hjelle