IT-forum OU invitererer til strategidag for ein digital barnehage og skule

Dato: 21. mars 2018 10:00 - 15:00,  Stad: Thon Hotel Jølster, Skei
Ansvarleg: IT-forum Sogn og Fjordane oppvekst og utdanning
Målgruppe: skule- og barnehageansvarlege

Erik Westrum frå Utdanningsdirektoratet (tidlegare i Senter for IKT i utdanning) leiar dagen og vil delta i refleksjonen rundt korleis vi i Sogn og Fjordane kan jobba fram gode digitale strategiar i kommunane våre.

Arbeidet denne dagen tek utgangspunkt i Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017 – 2021. Digitaliseringsstrategien peiker på at strategiarbeidet først må riggast på kommunenivå, og at dei ulike nivåa treng tilført kompetanse for å gjennomføre naudsynt strategiarbeid.

IT-Forum OU ynskjer å starte dette arbeidet med ein strategidag der særleg kommunalsjefane er målgruppe. Digitaliseringsstrategien tek utgangspunkt i grunnskulen, men vi ynskjer også ha med barnehage i eit strategisk perspektiv.

God tid til refleksjon

Forum for barnehage- og skuleutvikling la i sitt møte 6. februar vekt på at det ville vere viktig at den digitale strategisamlinga sette av god tid til refleksjon. Vidare gav dei uttrykk for at det var behov for praksisdøme frå kommunenivået. Samlinga vil bli lagt opp ut frå desse ynskja.

Dekker kostnadane for to deltakarar

Vi opnar for deltaking med inntil fire personar frå kvar kommune. Skule- og barnehageansvarlege tek med seg dei ho/han ynskjer (til dømes  rådgjevar, pedagogisk IT-personell, rektor, styrar).

IT-Forum OU dekkjer møtekostnaden for inntil to personar frå kvar kommune. Deltaking utover dette, dekkjer kommunane sjølve (540 kr/pers.)

No rett før påmeldingsfristen veit vi at over 30 deltek på strategidagen. 

Presentasjonar på samlinga:

Erik Westrum, Avdelingsleder for digitale tjenester, UDIR

Ellen Karin Toft-Larsen KS- Å jobbe med strategi

Gjermund Flage- HAFS - ikt i framtidas skule og barnehage