Ja, det blir ny IT-konferanse! Det skjer på Voss

Det er mange medlemmer som har bedt oss om å arrangere IT-konferanse, slik som i “gamle dagar”. Dengong då vi samla hundrevis av leiarar, mellomleiarar, fagfolk, og skapte morosame, oppdaterte og gode arenaer for utvikling av både bedrifter og samfunn. Dengong verksemder sendte folka ut på tur i lag. Då dei kom heim, visste dei kva dei skulle gjere vidare.

Desse konferansane fekk ting til å skje!

30. nov - 1. des

La oss få det til å skje igjen! Hald av datoane 30. november og 1. desember. Bli med på lunsj til lunsj-arrangement på Scandic Voss. Vi har reservert 150 rom og du kan få eit av dei.

Vi er ikkje klare for påmelding enno, men programarbeidet er i startgropa og vi skal opne opp for påmelding i slutten av august. Har du innspel, idear og forslag til innhald? Send dei til oss! Vi skal sørge for at det blir fagleg interessant og spennande og at vi får tid til å feste og kose oss.

Vi skal skape magi - igjen! Denne gong for heile Vestland. Velkomen skal du vere!

Nei, det blir ikkje heilt slik, men vi skal samle mykje folk på Voss 30. nov - 1. des. Det blir etter god, gamal lest: Gode innlegg, mykje bra folk, diskusjonar, god mat og mykje moro!

Anne Mette Hjelle