Gje innspel til Temaplan breiband og digitalisering 2023 - 2029

Årsmøtet i IT-forum Vest fekk førre veke presentert sentrale tema i høyringsutkastet (kortversjonen) til Temaplan breiband og digitalisering 2023 - 2029. Det var seniorrådgjevar, Ingjerd Skogseid, i Vestland fylkeskommune som gjekk gjennom hovudtrekka og som no ber om innspel.

Høyringsfrist 14. april

Kommunar, organisasjonar og andre interesserte er invitert til å komme med innspel til planen innan 14. april 2023. Denne planen vil legge grunnlag for mange av fylkeskommunen sine satsingar i åra framover.

Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland fylke skal sikre at arbeidet knytt til digital infrastruktur og digitalisering blir samordna. Vidare legge føringar for verkemiddel som blir forvalta i fylket, og peike på moglegheiter og utfordringar når det gjeld digitalisering på kort og lang sikt.

Satsingsområde

  1. Digital infrastruktur
    Vestland skal ha ein godt utbygd digital infrastruktur, både fast og trådlaus. Breibandet skal vera raskt, tilgjengeleg og robust. Noko som er ein føresetnad for at distrikt, tettstader og byar skal ha like vilkår for å ta del i samfunnsutviklinga, tenestetilbodet og moglegheitene som den raskt aukande digitaliseringa medfører.

  2. Digital samfunnsutvikling
    Vestland skal nytte potensialet i digitalisering for å møte viktige samfunnsendringar knytt til aldrande befolkning, klimaendringar, truslar mot sikkerheit og nye ønskje om eit meir fleksibelt arbeidsliv.

  3. Digital kompetanse
    Vestland fylkeskommune skal legge til rette for at alle innbyggjarar kan ta del i den digitale utviklinga i samfunnet.

  4. Digital verdiskaping og innovasjon
    Ein offentleg og privat sektor som saman med kunnskapsmiljøa utviklar og tek i bruk ny digital kunnskap som kan styrke innovasjonskraft og tenestetilbod.

Les heile temaplanen på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

Anne Mette Hjelle