Ettertrakta IT-utdanning

IT-utdanninga som IT Forum Vest bidro til å starte for tre år sidan, står stadig stødigare. Studiet trekk no studentar frå rundt om i landet og i desse dagar startar 49 nye studentar i Førde. Samstundes er dei første studentane no ferdig utdanna.

Jonas Hjelle Van Weert har nyleg fullført bachelor i informasjonsteknologi på Høgskulen på Vestlandet i Førde. Den ettertrakta kompetansen gjer at jobb er sikra, skriv NRK Vestland. I sommar var det jobb i DIFI. No ventar jobb som Framtidsfylke-trainee ved høgskulen. Studentar som Jonas er ettertrakta. Dette yrket treng 40.000 nye på få år, skriv NRK Vestland.

Gode søkartal i Førde

Tal frå årets hovudopptak viser at studiet Informasjonsteknologi fekk gode søkartal. Etter opptak har 49 fått plass og har takka ja. Høgskulen på Vestlandet er veldig godt fornøgde med utviklinga, seier Eli Nummedal ved HVL på Campus Førde. Tal jenter er ikkje klart, men alt tyder på at dei er få. Dette viser behovet for ei satsing på rekruttering og mangfald.

Les om vår satsing på IT-kompetanse - rekruttering og mangfald.

Forrige
Forrige

Gratulerer med valet, Vestland!

Neste
Neste

Framtidsfylket er nytt medlem