Tips oss om kvinnelege rollemodellar i teknologifeltet i Vestland

Vi ser etter kvinnelege rollemodellar i teknologifeltet i Vestland. Kjenner du ein entusiast, ekspert, superbrukar eller teknologioptimist? Send oss forslag via https://forms.office.com/e/zDyUK7HuyH.

Færre jenter enn gutar vel teknologiutdanningar og -yrke. Forskning har vist at rollemodellar er viktige, og at kvinnelege rollemodellar kan ha ein spesiell verdi for at jenter og unge kvinner skal kunne assosiere seg med teknologiyrke. 

Kjenner du ein kvinneleg rollemodell innan teknologifeltet? Ein ekspert, entusiast, superbrukar eller teknologioptimist? Send inn forslag med ein gong, eller innan 30.4.2023. Vi har bruk for rollemodellar av mange slag og i alle aldrar.

Del gjerne lenka med andre som du trur kjenner gode kandidatar. Målet vårt er å identifisere, få oversikt, synleggjere og feire kvinnelige rollemodellar. Lista, der vi hentar inn samtykke frå alle som er foreslått, vil bli brukt i vårt arbeid for å auke mangfald i IKT-næringa.

Initiativet er eit samarbeidstiltak i IT-forum Vest, der Framtidsfylket, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling og Sparebanken Sogn og Fjordane er med.

Takk for at du hjelper til med å løfte fram kvinner i teknologi i Vestland!

Vil du lese meir om jenter og teknologi? Hilde Corneliussen i Vestlandsforsking, som er med i arbeidsgruppa for Rekruttering og mangfald i IT-forum Vest, er intervjua i denne artikkelen i Tekna Magasinet. For å snu trenden med mannsdominerte teknologifag, etterspør Corneliussen “heiagjengen” som kan motivere, introdusere og motivere fleire jenter til IKT-faga. Du kan no bidra til dette gjennom vår satsing.

Anne Mette Hjelle