Back to All Events

IT-forum-konferansen 2022, Voss


  • Scandic Hotel 1A Evangervegen Vestland, 5704 Norway (map)

Etter oppfordring frå mange, arrangerer vi ny IT-konferanse - den første etter at vi utvida til Vestland. Her finn du generell informasjon, program og oversikt over bedrifter og verksemder som er representert med deltakarar.

Generell informasjon:

Når vi no igjen møtast for å samle kreftene, er målet at du skal bli engasjert og inspirert i møte med andre. Vi skal ta pulsen på Vestland og våre risikoar og sjansar i gigabitsamfunnet.

  • Du kan forvente å bli oppglødd av ny teknologi, men gjerne også litt skeptisk.

  • Du blir oppdatert på områda breiband og digitalisering av offentleg og privat sektor - kva skjer og kva bør skje? Beredsskap er høgaktuelt. Vestlandet er særleg utsett med tanke på kraft, olje og gass.

  • Korleis jobbe med dette? Korleis skal vi få tak i folka som skal gjennomføre ambisjonane våre?

Konferansen legg opp til samtaler på podiet, men vi legg også vekt på interaksjon med publikum i salen.

Målgrupper er bedrifter og organisasjonar som ønskjer å vite meir om ny teknologi og det som skjer på dette området. Konferansen eignar seg også godt for deg som tek avgjerder på it-området, både i leiing og fag.

PRIS: Konferanseavgifta er på kr. 2900,- ex mva. Då får du to dagpakkar på Scandic Voss, tilgang til to-dagarskonferansen og festmiddag om kvelden den 30.11. Booking og betaling skjer via påmeldingsløysinga til selskapet, Checkin AS.

NB! Vi har reservert rom på konferansehotellet, men booking og betaling av rom gjer du sjølv. Bruk bookingkoden BITF301122. Frist for å nytte den går ut søndag 6. november.

Avtalt pris for standard enkeltrom, med frokost inkludert, er kr 1220,-. Dersom du ønsker oppgradering til dobbeltrom blir prisen kr 1420,- per rom.

Bruk nettsidene til Scandic for booking av rom, men ver rask. Her blir det rift og hotellet er allereie fullbooka utanom desse romma. Blir du for sein, er det gode alternativ i nabolaget: Park Hotel Vossevangen og Fleischer Hotel.

KONFERANSEPROGRAM

(NB! Her kan kome endringar)


DAG 1:

Moglegheiter og utfordringar når digitalisering skyt fart

10.30 - 11.30 Registrering, mingling og nettverksbygging


11.30 - 12.30 Lunsj


12.30 - 12.40 Velkomen til konferansen - styreleiar og nestleiar i IT-forum Vest, Christiane Ulriksen og Frode Kyrkjebø.


12.40 - 13.10 30 minuttar inn i framtida! Smakebitar frå framtidas gigabitsamfunn. Eirik Norman Hansen, konferansier, futurist og teknologioptimist


13.10 - 13.30 Noreg skal vere best på digitalisering, men kva med risiko- og sårbarheitsbildet? Ekspedisjonssjef Jan Hjelle, avdeling for IT og forvaltningspolitikk i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)


13.30 - 13.40 Fellesløysingane - kva dei betyr for Noreg og kvifor dei er så viktige! Olav Skarsbø, seniorrådgjevar i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)


13.40 - 14.00 Breiband og digitalisering opp mot samfunnssikkerheit og beredsskap - Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete


14.00 - 14.30 Pause med mingling og nettverksbygging


14.30 - 14.50 Innblikk i satsinger i ny temaplan for breiband og digitalisering i Vestland. Hans Inge Gloppen og Ingjerd Skogseid, begge seniorrådgjevarar i Vestland fylkeskommune


14.50 - 15.20 Kva er status på breiband i Vestland? Kva med dei kommunane med lågast fiberdekning? Samtale mellom Arne Joramo i Norsk Telecom Revy, Gunvall Medhus frå Okalpi, Jan Ove Meling i Kinsarvik Breiband AS og Tore Nyhammer i Bergen Fiber AS.


15.20 - 15.45 Kva oppnår vi gjennom deltaking i Digital Europe Program. Kva kan den digitale innovasjonshuben, EDIH Oceanopolis (havrommet) i Bergen bidra med regionalt? v/ Anne Grete Ellingsen (prosjektleiar) og Sarah Hails Gjelsten (seksjonssjef for internasjonalt arbeid i Digitaliseringsdirektoratet).


15.45 - 16.05 Pause med mingling og nettverksbygging


16.05 - 16.25 Dette er vår plan og vårt rammeverk for ehelse i kommunane i Vestland - Kjetil Århus, leiar styringsgruppa i DigiVestland


16.25 - 16.45 Slik jobbar vi med ehelse i praksis i kommunane i Vestland - Kari Eidnes Bjørkheim, E-helse Vestland


16.45 - 17.10 Samtale med Århus og Bjørkheim og oppsummering av dag 1 - konferansier Eirik Norman Hansen


FESTMIDDAG

19.30 - 20.00 Aperitif før festmiddag

20.00 - (du avgjer ) Festmiddag - kjøkemeister Jan Heggheim (tidlegare styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane, no direktør i Musea i Sogn og Fjordane)


DAG 2

Oppfølging frå dag 1: Korleis skal vi få tak i folka vi treng for å lukkast med ambisjonane våre?


09.00 - 09.20 Korleis sikre tilstrekkeleg kompetanse som er “tett på” utfordringane i næringsliv og offentleg sektor? Tommy Aarethun, Initiativ Vest


09.20 - 09.50 Utdanning og samhandling med næringslivet: Kva må til for å lukkast? Kristin Fanebust Hetland, leiar for Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet, og Kristin Arefjord Stave, Program Development Manager ved NHH Executive.


09.50 - 10.00 Kortkurs i programmering - ein veg å gå for å utvikle it-kompetanse i bedrifter ? Kathe Arnesen, Sunnfjord Utvikling


10.00 - 10.20 Om mangfald som magnet for rekruttering til eit digitalisert arbeidsliv - forskingsleiar Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking


10.20 - 10.40 Employer Branding: korleis tiltrekke dei beste talenta og korleis engasjere dei eksisterande tilsette? Dagleg leiar i Framtidsfylket AS, Linda Hovland


10.40 - 11.00 Kaffepause med mingling og nettverksbygging


11.00 - 11.25 Korleis bygge oss inn i gigabitsamfunnet i lag? Panelsamtale med spørsmål frå salen


11.25 - 11.30 Avslutning med styreleiar i IT-forum Vest, Christiane Ulriksen


11.30 Lunsj

DELTAKARBEDRIFTER/-VERKSEMDER

  • Agnitio AS

  • Atea ASA

  • Bergen Fiber AS

  • Blinq AS

  • Den Norske Dataforening

  • Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

  • Eidfjord kommune

  • Enivest AS

  • Eviny Digital AS

  • Eviny Marked AS

  • Framtidsfylket AS

  • Hardanger og Voss Næringshage AS

  • Helse Førde HF

  • Hending AS

  • Hyllestad kommune

  • Høgskulen på Vestlandet

  • IKTNH KO

  • Intin AS

  • Kinsarvik Breiband AS

  • KS Vestland

  • Kvam Energi AS

  • Kvam herad

  • Kvam Kraftverk

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Netnordic Norway AS

  • Netstar AS

  • Nextgentel AS

  • Highsoft AS

  • NHO

  • Norec (Norsk Senter for Utvekslingssamarbeid)

  • Okapi AS

  • Paneda AS

  • PocketID AS

  • Sogn og Fjordane Næringsråd

  • Sogndal kommune

  • Sognenett AS

  • Sparebank 1

  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

  • Statsforvaltaren i Vestland

  • Strøyma AS

  • Sunnfjord kommune

  • Sunnfjord Utvikling

  • SySIKT

  • Tussa IKT AS

  • Ulvik herad

  • Vestland fylkeskommune

  • Voss Fiber AS

  • Vestlandsforsking

Later Event: March 22
Årsmøte for 2022