Back to All Events

IT-konferansen 2023, Bergen: Møt KI, våre nye kollegaer!


  • IT-Forum Vest Sogndal Norway (map)

IT-forum Vest inviterer til IT-konferansen 2023, denne gong i Bergen, 28. - 29. november.

Konferansen er frå lunsj-til-lunsj på Vestlandshuset, i storsalen. Festmiddag om kvelden blir i nabobygget, Scandic Ørnen. Når det gjeld overnatting held vi ikkje av rom, men du kan booke overnatting på Scandic Ørnen til ein rabattert pris ved å bruke lenka: BESTILL ROM

Dette blir årets tema:

  • Kunstig intelligens: Kan KI supplere eller erstatte den humankapitalen vi manglar på Vestlandet, eller gir det oss fleire utfordringar? Ei fersk NHO-undersøking viser at bedriftene enno ikkje brukar KI i det daglege. Bli oppdatert og høyr døme frå dei som gjer seg nytte av kunstig intelligens.

  • Breiband: Konkurransen i breibandbransjen blir skjerpa gjennom ny regulering. Kva betyr det for oss i vår region? 

  • Digitalisering: Korleis digitalisere for å inkludere? Korleis bygge inn digitalisering i ein splitter ny vidaregåande skule? Kva skjer "under panseret" når to bankar skal bli nye partnarar i kvardagen? Og korleis har den nye og heildigitale Bulder bank klart å bli årets publikumsfavoritt på berre fire år?

Møt KI, våre nye kollegaer på Vestlandet!

PROGRAM DAG 1 - 28. NOVEMBER

11.00 Registrering og lunsj

12.00 Opning ved styrleiar Christiane Ulriken

12.05 Teknologioptimist med ei stor bekymring; manglande kunnskap og innsikt. Eirik Norman Hansen, konferansier.

12.20 - 14.30 KUNSTIG INTELLIGENS

Kan kunstig intelligens (KI) supplere/erstatte den humankapitalen vi manglar på Vestlandet? Kunnskap, innsikt og konkrete døme frå privat og off. sektor.

  • Eirik Andreassen, leiar teknologi og nettverk i Digital Norway om korleis KI fungerer og korleis vi kan kome i gang med å bruke det til vår fordel.

  • Christian Autenried, PhD, Teamleder Kunstig Intelligens i Helse Vest IKT om korleis dei tek i bruk KI for å betre pasientbehandlinga på sjukehusa.

  • Elisabeth Kjerstad Bøe, CEO i Terravera Foundation - om korleis modellere komplekse verdikjedar for ei meir berekraftig framtid.

  • Jone Rasmussen, Counting Hero, om automatisk innsamling av trafikkdata, t.d. automatisk passasjertelling om bord på ferjer.

  • Maria Stubhaug, Vestland fylkeskommune/Førde vgs., om KI og bruk av språkmodellar i dei vidaregåande skulane i Vestland.

15.00 - 16.00 BREIBAND - STØRRE KONKURRANSE - NY REGULERING

  • Kenneth Olsen, fungerande direktør for marked og tjenester i Nkom, om forslag til regulering av fibermarknaden. Gir Nkom sitt nye noregskart ei rettferdig regional inndeling? Kva betyr dette for vår region?

  • Nandor Helgheim, CEO i Enivest, om kvifor dei seier nei til forslaget til ny regulering.

  • Jørn Hodne, Head of Telecom i Eviny. Kva skjer i breibandsbransjen på Vestlandet generelt? Kva er framtidsscenarie?

16.00 - 17.30 PARALLELLSESJONAR

  1. Breiband

  2. Teknologi

    Fag, samtale og nettverksbygging (fagleg og sosialt oppspark før festmiddag)

Fag, samtale og nettverksbygging, fagleg og sosialt.

20.00 FESTMIDDAG PÅ SCANDIC ØRNEN

20.00 Aperitiff

20.30 Festmiddag

PROGRAM DAG 2 - 29. NOVEMBER

09.00 - 12.00 DIGITALISERING

Kompetanse, prosessar og trendar.

  • Malin Rygg, direktør for tilsynet for universell utforming, Digdir. Korleis digitalisere for å inkludere?

  • Maria Stubhaug, digital pedagog i Sunnfjord: Korleis gripe den digitale utviklinga når vi bygger saman ny, stor organisasjon i Vestland i dag? Døme frå samanslått vidaregåande skule.

  • Simen Eilertsen, direktør Bulder, om korleis dei i løpet av fire år etter oppstart no kan skilte med dei mest fornøgde bankkundane i Noreg.

  • Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, om kva som skjer “under teknologipanseret” når dei no har kjøpt seg inn i Sparebank 1-alliansen.

  • Eirik Norman Hansen, teknologioptimist/konferansier om trendar vi vil vite om.

12.00 - 13.00 Lunsj og avreise

Earlier Event: March 22
Årsmøte for 2022