Oppvekst og utdanning

IT-Forum Vest oppvekst og utdanning er eit unikt samarbeid (også i nasjonal samanheng) på tvers av skuleslag. ITFOU (tidlegare ITFskule) har frå 2006 arbeidd med å finna ei løysing for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket. ITFOU har bestått av ressurspersonar innan ikt frå alle regionråda, fylkeskommunen, Statsforvaltaren på Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsforbundet og Vestlandsforsking.

Arbeidsgruppa har tidlegare med hell stått bak og gjennomført eit stort digitalt fellesløft finansiert av fornyingsmidlar. Dette vart dokumentert gjennom ekstern prosjektevaluering gjennomført i 2. kvartal 2011: Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. Prosjektperiode: 2007-2010 (Høgskulen i Vestfold). Gruppa gjennomførte og frå 2015-2018 eit prosjekt «Satsing på IKT som læremiddel » støtta av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Her arbeidde gruppa vidare med  koplingar til nye innhaldstenester og betre bruk av nye medier i undervisning. Den årlege konferansen er blitt sentral og revitalisert. Satsinga “Satsing på IKT som læremiddel” bygde vidare på dette i tre år frå og med 2019.

Vi samarbeidar med KS, skule og barnehageutvalet

Mandatet til arbeidsgruppa er å vere pådrivar for digital danning, kunnskapsbygging, utvikling og dialog, innan oppvekst- og utdanning i fylket. Dei deltakande partane er regionråda, fylkesmannen, fylkeskommunen, Høgskulen, Utdanningsforbundet og Vestlandsforsking. 

I 2020 rakk vi å gjennomføre ein studietur til BETT 2020 i januar før korona la ein dempar på møteaktivitet og arbeidet med vår eigen konferanse. Også konferansen i 2021 blei utsett pga. korona. Først i april 2022 arrangerte vi konferansen, som du kan lese meir om her. Vi samla ca 70, grunna omstenda, men det gjekk bra igjen! Målet no er å få til ein tilsvarande konferanse med godt over 100 ressurspersonar i 2023.

ITFOU-konferansen

ITFOU gjennomfører årleg ein større konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst og utdanningssektoren i fylket. Dette gjer vi i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane. 

Konferansen i 2021 skulle vore i november, men blei utsett til april 2022 pga. pandemi.

Konferansen 3.-4.nov. 2020, måtte vi diverre avlyse pga. pandemi.

I 2019 vart konferansen arrangert i Loen 12.-13.november med 175 deltakarar. Der fekk fleire aha-opplevingar.

I 2016, 2017 og 2018 vart konferansen gjennomført i Loen med hhv 150, 200 og 100 deltakarar.

Kontaktperson:

  • Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking/IT-Forum Vest (medlem og administrasjon)