Invitasjon medlemstur til Kongsberg Agenda

I fjor reiste vi ein gjeng medlemmer til Digitaliseringskonferansen i Oslo med besøk til Digital Norway. I år går turen til Kongsberg Agenda , som har som mål å vere den viktigaste teknologifestivalen i Noreg og “Arendalsuka” for teknologi. Tema for årets konferanse er tillit og teknologi.

Spennande møteplass

Dette er ein svært god møteplass som samlar mange politikarar, teknologar og samfunnsutviklarar. Det er debattar, fagseminar, utstillingar og sosiale arrangement. Premissar for den nasjonale teknologi- og verdiskapingsdebatten blir lagt her. Alle arrangement er gratis og ope. Ingen billettar er nødvendig.

Vi har reservert rom

IT-forum Vest har reservert hotellrom og inviterer medlemmer på tur frå onsdag 19. juni til laurdag 22. juni.

Onsdag og laurdag blir reisedagar, enten med fly til Oslo Gardermoen, tog/buss til Kongsberg, eller med bil. Vi hjelper til med å organisere samkøyring for dei som ønskjer ein fin biltur.

Prisen er kr 6000,-. Inkludert i medlemsprisen er overnatting på Quality Hotell Grand Kongsberg i tre netter. Vi organiserer og betalar også felles middag torsdag og fredag, men innanfor ein “vanleg” meny (ikkje festmiddag). Drikke ordnar de sjølve. Då får de det de vil ha.

Vi har reservert ti rom i første omgang, dei fleste dobbeltrom. Dei første som melder seg får romma.

Interessert?

Ta kontakt med Anne Mette Hjelle på e-post annemette@itforumvest.no eller på tlf.nr. 99 28 43 02.

Under Kongsberg Agenda er alt gratis og ope. Det som kostar er reise, overnatting og mat. For kr 6000,- får medlemmer av IT-forum Vest overnatting og to felles middagar.





Anne Mette Hjelle