Felles interesser for helse og ekom

IMG_8825.jpg

IT-Forum Vest i møte med IKT-Norge

Denne veka hadde IT-Forum Vest møte med IKT-Norge for å kartlegge felles mål og felles interesser.

Frå oss deltok styreleiar, Christiane Ulriksen, og Ivar Petter Grøtte og Anne Mette Hjelle frå sekretariatet. Frå IKT Norge deltok politisk rådgjevar, Helge Blyberg, og direktør for strategi- og forretningsutvikling, Fredrik Syvertsen.

Helse

Ein kort presentasjon av våre satsingsområde gjorde det raskt klart at vi har samanfallande interesser, særleg innan helse. Her ser IT-Forum Vest eit stort potensiale for næringsutvikling og framover skal vi i gang med næringsretta satsing på e-helse.

På området velferdsteknologi, der vi representerer brukarane i stor grad, ser det ut som vi har felles mål og argument. Her ser vi begge at ny teknologi treff helseprosessane i høgt tempo og at det betyr endringar både for helsepersonell og brukarar. IT-Forum Vest har velferdsteknologi som eit viktig satsingsområde inn mot kommunane i Vestland.

Stor interesse

Vår hovudsatsing på velferdsteknologi er møtt med stor interesse og engasjement frå heile fylket. Årsaka er at kommunane ser dei store økonomiske effektane av velferdsteknologi.

Samarbeid med miljøa i gamle Hordaland har vore i gang i heile 2020, og dei to tidlegare prosjektsatsingane i Sogn og Fjordane og Hordaland er no heilt integrerte. Det nye prosjektet har både sikra og vidareutvikla dei faglege aktivitetane utfrå visjonen: «Alle innbyggarane i Vestland fylke skal kunne bu trygt og lengst muleg heime med velfungerande tenester støtta av velferdsteknologi» .

Stort potensiale

Velferdsteknologi, avstandsoppfølging og andre digitale verktøy har i løpet av 2020 vist seg å vere til stor nytte i krisesituasjonar som Covid-19-pandemien ved å bidra til trygge brukarar av helse- og omsorgstenestene, hindre smittespreiing og frigjere tid for helsepersonell. Covid-19-stituasjonen har til fulle vist det store potensialet og nytten av e-helse og velferdsteknologi.

Vår satsing innan både helse og ekom og inframstruktur, er interessant for mange, også for IKT-Norge. Vi er samde om at det hastar å sikre alle i Noreg framtidsretta breiband og robuste nett.

IT-Forum Vest og IKT-Norge kjem til å halde kontakten på desse aktuelle samarbeidsområda når det er naturleg.

Forrige
Forrige

Samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune er signert

Neste
Neste

Vårt syn på Regional plan for næringsutvikling og innovasjon - Vestland