Vårt syn på Regional plan for næringsutvikling og innovasjon - Vestland

Høyringsrunde - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling - Vestland 2021 - 2033

Høyringsrunde - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling - Vestland 2021 - 2033

I vår høyringsuttale til Berekraftig verdiskaping - Regional plan for næringsutvikling og innovasjon i Vestland, er vi glade for at planen legg så stor vekt på gode og breie samarbeid i det nye Vestland fylke.

Det har vore vår hovudstrategi sidan 1996 og forklaringa på at vi har lukkast med regional utvikling på utvalde innsatsområde, understrekar styreleiar i IT-Forum Vest, Christiane Ulriksen og sekretariatsleiar, Ivar Petter Grøtte.

Vi meiner framlegget viser ein god og oversiktleg plan. Den gir ei god strategisk retning på det langsiktige arbeidet og med eit oversiktleg tal hovudsatsingar. IT-Forum Vest er glad for å vere i eit partnarskap med Vestland fylkeskommune og vil gjerne vere med vidare i aktuelle arbeidsgrupper og aktivitetar. Vi ser fram til å vere med å realisere denne viktige planen for Vestland.

Våre innspel

Sjølv om vi i hovudsak er samd i framlegget til regional plan for næringsutvikling og innovasjon i Vestland, så foreslår vi nokre tillegg. Desse er knytt til breiband og telecom-infrastruktur, den viktige rekrutteringa til teknologiutdanning og teknologistillingar og til det store næringspotensialet ut frå offentlege tenester med e-helse som eksempel.

Breiband og god mobildekning

Vi meiner det vil vere svært nyttig å utvikle ein breibandsplan/-strategi for Vestland i løpet av 2021.

Ein slik plan bør omfatte restområda i alle kommunar som ikkje har full dekning, inklusiv tidsplanar og kostnadestimat. Då vil Vestland fylke kunne få ei samla oversikt for å formidle behov for nasjonal finansiering, regionale spleiselag og for å få til ei smidig veksling i høve den varsla nedlegginga av koparnettet. Mobilnett og beredskap for trygge lokalsamfunn er del av dette.

Frå IT-Forum Vest ser vi, og får mange tilbakemeldingar om, at tilgang til breiband og god mobildekning har blitt endå meir kritisk som grunnleggande infrastruktur under korona-pandemien. Mykje bruk av heimekontor, endå meir skulearbeid frå heimen og levering av tenester både frå offentleg sektor og privat sektor over nett har vist med all tydelegheit kor viktig telekom-infrastruktur er i eit moderne samfunn.

Mangfald i kritiske teknologifag

Vi foreslår at det blir sett i gang arbeid for stimulering av mangfald i dei kritiske teknologifaga.

Teknologi er heilt avgjerande i dei omstillingar som blir omtalt i planen. Men eit vesentleg problem er dårleg rekruttering av jenter/kvinner og til dels også innvandrarar til teknologiutdanningar og -stillingar.

Det er stort potensiale i å sikre betre rekruttering frå heile befolkninga. Det vil både styrke og utvikle dei svært viktige utdanningsmiljøa i Vestland og auke tilgangen til rett teknologisk arbeidskraft til det viktige omstillingsarbeidet planen skisserer i dei neste 12 åra.

Innovasjon frå offentlege tenester

Vi foreslår at potensialet for innovasjon frå offentlege tenester blir vurdert.

Vi saknar ein referanse til e-helse / velferdsteknologi / digital heimeoppfølging m.m. Dette er i utgangspunktet ei offentleg teneste, men pandemien har tydeleg vist kor kritisk teknologi, kunnskapsbasert utvikling og helse heng saman, og kor stor og kritisk denne sektoren er. Det betyr vidare at den og har eit stort innovasjons- og næringsutviklingspotensiale. Ei rekkje innovative verksemder i Vestland arbeider på området og klynger er under utvikling. Området burde ha eit stort næringspotensiale i Vestland.

Forrige
Forrige

Felles interesser for helse og ekom

Neste
Neste

Rekordstor deltaking på årsmøtet!