No kan du melde deg på IT-konferansen i Bergen!

I fjor var vi på Voss. I år blir det i Bergen, 28. - 29. november (lunsj til lunsj) på Vestlandshuset. Dette blir årets tema:

  • Kunstig intelligens: Kan KI supplere eller erstatte den humankapitalen vi manglar på Vestlandet, eller gir det oss fleire utfordringar? Ei fersk NHO-undersøking viser at bedriftene enno ikkje brukar KI i det daglege. Bli oppdatert og høyr døme frå dei som gjer seg nytte av kunstig intelligens.

  • Breiband: Konkurransen i breibandbransjen blir skjerpa gjennom ny regulering. Kva betyr det for oss i vår region? 

  • Digitalisering: Korleis digitalisere for å inkludere? Korleis bygge inn digitalisering i ein splitter ny vidaregåande skule? Kva skjer "under panseret" når to bankar skal bli nye partnarar i kvardagen?

 

Møtestad Vestlandshuset og Scandic Ørnen

I år møtast vi i  Bergen, i stasbygget til Vestland fylkeskommune, Vestlandshuset. Bygget er (som oss) laga for å fungere som ein møteplass mellom det offentlege og det private, det folkelege og det høgtidlege, det lavmelte og det storslagne.

Festmiddag om kvelden den 28. november blir på Scandic Ørnen hotell. Når det gjeld overnatting held vi ikkje av rom, men du kan booke overnatting på Scandic Ørnen til ein rabattert pris ved å bruke lenka: BESTILL ROM

Denne fungerer så lenge det er ledig kapasitet på hotellet.

Les detaljert program på vårt arrangement, eller gå rett til vår påmeldingsside.

Anne Mette Hjelle