Tre grep for vellukka implementering av velferdsteknologi

I perioden 2014 til 2020 var velferdsteknologi set på agendaen for alle kommunane i gamle Sogn og Fjordane fylke, og ein av pådrivarane var "Fylkesprosjektet" Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane (finansiert av Fylkesmannen i S&Fj og dei deltakande kommunane). I ein artikkel analyserer forskar Hilde G. Corneliussen kva som har vore med å drive utviklinga gjennom fylkesprosjektet.

Ho peikar på tre faktorar som har vore særleg viktig og som gjer at regionen skil seg ut i Norge. Det første særtrekket er samarbeidet organisert gjennom arbeidsgruppa IT-Forum Velferdsteknologi som har bidrege til å rekruttere ei brei og variert kompetanse til prosjektet. Det neste er at USHT (Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester) for Sogn of Fjordane, lokalisert i Førde, har teke styringa i prosjektet, annleis enn dei andre USHTane i Norge. Den tredje faktoren ho peikar på er den teknologiske kompetansen som Alarmsentralen Sogn og Fjordane har bidrege med i prosjektet.

 

Artikkelen var presentert på 12th International Conference on e-Health, 21-23. juli 2020

Les heile artikkelen: https://www.vestforsk.no/nn/publication/developing-regional-solution-digital-transformation-health-care-services-collaboration